Skulestart

Ledig stilling: Flora brannvesen - leiar beredskapsavdelinga

Flora brannvesen er eit deltidsbrannvesen med hovudstasjon i Florø sentrum og understasjon i Eikefjord. 

I kommunen er det om lag 12.000 innbyggarar, av desse bur ca. 9.000 i sentrum. Beredskapen er organisert som deltidsbrannvesen med fast vaktteneste, samt dagkassernert beredskap i sentrum. Det er etablert 5-delt overordna vakt i sentrum.

Ved beredskapsavdelinga er det ledig stilling i 100% som avdelingsleiar/varabrannsjef med tiltreding frå 01.01.2018. 

Leiar beredskap er brannsjefen sin stedfortredar. Leiar beredskap inngår i brannvesenet si leiargruppe.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Fagleg og administrativ leiar av beredskapsavdelinga
  • Vere eit koordinerande ledd i innsatsstyrkene
  • Utarbeide, vedlikehalde og kvalitetssikre det operative planverket for beredskap
  • Følgje opp og sjå til at samtlege mannskap har naudsynt kunnskap
  • Ansvar for avdelinga sitt HMS og avvikssystem
  • Bidra i selskapet sin budsjettprosess og syte for at avdelinga driftast innan vedtatt økonomisk ramme
  • Andre eller endra arbeidsoppgåver etter bestemmelsar av brannsjefen, og i medhald av krav i gjeldande regelverk

Ønskja kvalifikasjonar og utdanning

  • Leiarerfaring og evne til å inspirere og motivere medarbeidarar både i det daglege og i hektiske situasjonar
  • Må kunne anvende og sjå moglegheiter ved bruk av moderne IKT-verktøy
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kan arbeide systematisk med rutinar, HMS og kvalitetssikring for å sikre en god beredskapsteneste

I følgje Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, § 7-8 skal leiar for beredskapsavdeling inneha følgjande kompetanse: 

Gjennomført beredskapsutdanning III og ha anten: 

  • utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskule, eller annan relevant høgskuleutdanning eller særskild brannteknisk utdanning på same nivå,
  • - eller kvalifikasjonar som utrykkingsleiar i heiltidsbrannvesen, jf. § 7-7. 

Søkjar som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava må forplikte seg til å ta manglande tilleggsutdanning etter tilsetting. Andre naudsynte kompetansekrav for stillinga i henhald til kommunens og verksemda sitt behov kan bli pålagt gjennomført.

Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap arbeider for tida med en ny dimensjoneringsforskrift. Endringar i denne kan påverke krav til kompetanse og innhald i stillinga.

Personlige eigenskapar

  • Resultatorientert med evne til strategisk og heilskapleg tenking 
  • Tydelig leiarskap ved å motivere og dyktiggjøre eigne tilsette 
  • Initiativrik, involverande og motiverande 
  • Operativ forståing og handlekraft
  • Effektiv kommunikasjon ved både munnleg og skriftleg form 
  • Kvalitet- og produktivitet-fokus i alle ledd 
  • Gode samarbeidsevner

Leiar beredskap er nærmaste overordna til beredskapsstyrka. Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar med gode samarbeidsevner og dyktig motivator. Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt ved tilsetting.

Generelle vilkår

Det krevjast førarkort klasse B for stillinga. Det er ønskjeleg med klasse C og førarkort for utrykningskøyretøy (kode 160). Førarkort for utrykkingskøyretøy inngår i opplæringa etter nærare avtale.

Stillinga innehar funksjonen, overordna vakt og inngår i vaktordning. Det er krav om bustad i nærleiken av brannstasjonen.

Tilfredsstillande helse med dokumentert legeattest må ligge føre før tilsetting. Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtale, og med prøvetid på 6 mnd. 

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast under intervju.

For nærare opplysningar om stillinga kontakt brannsjef Magne Igland, tlf. 958 15 442, e-postadresse: magne.igland@flora.kommune.no.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist: 15.09.2017.