Skulestart Florø barneskole

Ledig stilling for ergoterapeut

Søknadsfrist 04.01.2012

 Ledig stilling for ergoterapeut frå jan. 2012
(Stillinga er 0,75 % fast, - 0,25% vikariat til 01.juli 2012, med mogelegheit for 100% fast stilling)

Stillinga er administrativt plassert i Fysio- og Ergoterapiavd, som i dag har stilling for 4 fysioterapeutar, 3 ergoterapeutar, 1 fysioterapikandidat og 1 vaktmeister for tekniske hjelpemiddel. Avdelinga held til i Florø sentrum og er lokalisert saman med andre faggrupper.
 
Vi treng offentleg godkjent ergoterapeut som
- har interesse for / erfaring frå hab-/rehabiliteringsarbeid
- har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- er positiv, fleksibel og handlingsretta
- kan jobbe sjølvstendig og utadretta
- kan bistå brukarane i kartlegging av funksjon i hovudsak innan heim, skule og  fritid
- har fokus på brukar
- likar utfordringar og har evne til å bidra aktivt innan nemnte arbeidsoppgåve
 
Arbeidsområda vil hovudsakleg vere innan rehab/ habilitering av vaksne og eldre/ omsorgstenesta, men og innslag av barn. Andre typar oppgåver kan også påreknast.
 
Vi kan tilby:
- utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- løn etter gjeldande tariffavtale
 
Søkjar bør disponere bil.
Tilsetjing skjer på vilkår av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Ved tilsetting vil det bli kravd politiattest og registrering for tuberkulose og MRSA.
Det vert lagt vekt på personlege kvalifikasjonar og intervju må påreknast.
 
For nærare informasjon kontakt  tenesteleiar Anita Norstrand, tlf. 57 75 80 80/ 89, eller avd.leiar Evy Aarsheim, tlf. 57 75 80 93,.

 
 
 
Søknadsfrist: 04.01.2012