Seglbåt med jente

Ledig stilling: Furuhaugane omsorgssenter - 2 helsefagarbeidarar/helgestillingar

Furuhaugane Omsorgssenter

  • 2 x 100 % fast helsefagarbeidersstilling
  • Vi har ledig helgestillingar og treng fleire ringevikarar. Ufaglærte, helsefagelevar og sjuke-/vernepleiestudentar kan søkje

Vi er ein somatisk institusjon med 2 avdelingar og til saman 51 senger. I tillegg har vi kjøkken, aktivitetsstove, frisør og reinhaldsavdeling. Vi fokuserer på aktivitet, trivsel, rehabilitering, lindring, avlasting, vurdering og behandling.  Vi har familie/palliativt rom, KAD senger, korttids og langtidsopphald. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid, og har tilsynslege 3 dagar for veka. På Furuhaugane får du i tillegg engasjerte kollegaer og eit godt mangfaldig fagmiljø.

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer deg som er målretta og strukturert
  • Du har gode samarbeidsevner og jobbar sjølvstendig
  • Personlege egenskaper vil bli vektlagt
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Årsturnus
  • Fadderordning for nytilsette
  • God pensjonsordning
  • Kompetanse lønnsstige
  • Legger til rette for videreutdanning og personleg utvikling i jobben
  • Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
  • Intern opplæring og månadlege fagøkter
  • Etisk refleksjon

Helsefaglærlingar som blir ferdigutdanna i 2019/2020 kan også søkje.

For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Grete Apalseth tlf. 989 07 554.

Ved tilsetting må alle legge fram politiattest.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist 06.10.2019.