Ytteroyane

Ledig stilling: Helsesøster, 70% stilling, Jordmor 30% stilling

Tenesta Barn og Unge er ei samorganisering av Helsestasjon, PPT og Barnevern. Målet er å styrke det tverrfaglege samarbeidet, arbeide førebyggande og utnytte kompetanse og økonomi på ein best mogeleg måte. Tenesta har i dag ca 25 årsverk, av desse er det 8.4 fagstillingar i helsestasjon.

Avdeling Helsestasjon har ledig 70% stilling som  helsesøster og 30% stilling som jordmor frå 01.02.14.  Til helsesøsterstillinga ligg helsestasjonsarbeid og skulehelseteneste. Til jordmorstillinga ligg svangerskapskontroll, heimebesøk og vaktordning etter oppsatt turnus. Stillingane kan om mogeleg kombinerast. Vi søkjer etter ein positiv og serviceinnstilt person som kan trivast med til tider ein travel, men interessant kvardag. Personlege eigenskaper som vi vektlegg er fleksibilitet, sjølvstendighet og gode samarbeidsevne. Den som vert tilsett må disponere eigen bil. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

For nærmare opplysningar kan ein kontakte avdelingsleiar Kari Liseth tlf 57 75 80 30/ 97 58 87 44, eller tenesteleiar Gry H Ommedal tlf 57 75 68 00/ 41 53 01 58

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 12.01.14