Ledig stilling: Informasjonsansvarleg, KF Innvandrarsenteret

KF Innvandrarsenteret i Flora skal snarast tilsette informasjonsansvarleg i 100 % fast stilling.  Stillinga høyrer for tida til staben på Solbakken asylmottak, og arbeidet går ut på å gjennomføre UDI sitt informasjonsprogram for bebuarane. I tillegg vil stillinga bli fylt opp med andre arbeidsoppgåver som ligg til asylmottaket.

Vi søker ein person med pedagogisk utdanning eller tilsvarande kompetanse på formidling, samt utdanning eller realkompetanse i fleirkulturell forståing. Du må kunne uttrykke deg godt, skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk. 

Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit travelt arbeidsmiljø, med kontor på Innvandrarsenteret i Prof. Gjelsvikvegen. Vi tilbyr også god intern og ekstern opplæring. 

Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld kan påreknast. Sidan arbeid med asylsøkarar og flyktningar er prega av tett politisk styring og raske endringar i rammeføresetnadane, kan arbeidsavtalen bli endra på kort varsel. Du må vere positiv, målretta og resultatorientert, kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og initiativrik og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

For å møte ønskjer om kjønnsfordeling og fleirkulturell bakgrunn i personalgruppa, oppfordrar vi menn og personar med innvandrarbakgrunn om å søke stillinga. 
 
Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos informasjonsansvarleg Bente Nygård på telefon 57 75 66 77/410 21 008 eller dagleg leiar Arild Melvær 57 75 66 62/415 34 964.

For stillinga gjeld tilsetting på vanlege kommunale vilkår. Lønn etter avtale. Kopi av attestar og vitnemål, samt politiattest, skal leverast etter nærare avtale.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist 25. november.

14. november 2016 Henrik Ulriksen