Ytteroyane

Ledig stilling: Innkjøpar/Innkjøpsrådgivar

Flora kommune har oppretta ei ny stilling som innkjøpar / innkjøpsrådgivar.

Stillinga er organisatorisk plassert i rådmannens stab og rapporterer til innkjøpsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Innkjøp av varer og tenester herunder planlegging, forberede, gjennomføre og følgje opp innkjøp, konkurransar og rammeavtalar innanfor gjeldande lovverk om offentlege innkjøp.
  • Rådgiving og opplæring i offentlege innkjøp.
  • e-Handel, økonomiske kontroller, statistikk og prosjektarbeid
  • Kontakt med tenestene og leverandørar
  • Hjelpe tenestene med å kvalitetssikre deira innkjøpsprosessar i hht. Lov og reglar.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer ein strukturert og resultatretta person med relevant utdanning på høgskule / universitetsnivå
  • Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring frå innkjøpsarbeid i offentleg sektor. Det er ein fordel med erfaring med E-handel
  • Kompetanse på bruk av administrative datasystem
  • God økonomisk, juridisk og forretningsmessig forståing

Tilsetjing

Stillinga er ledig for snarleg tilsetjing. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til innkjøpsleiar Arve Klokk tlf. 415 34 935 eller kommunalsjef Linda Nipen Asphjell tlf. 415 30 118.

Elektronisk søknad på skjema som du finn på vår side for ledige stillingar.

Søknadsfrist forlenga til: 28.oktober 2013.