Båtar på hamna

Ledig stilling: Innkjøpsrådgjevar

Stillinga er organisatorisk plassert i rådmannens stab og rapporterer til innkjøpsleiar. Til saman 3 tilsette ved avdelinga. Kommunen har eigen avdeling for kommuneadvokat og controller, som er nærer samarbeidspartar. Frå og med 01.01.2020 er Flora ein del av Kinn kommune. 

Arbeidsoppgåver
Innkjøp av varer og tenester herunder planlegging, forberede, gjennomføre og følgje opp innkjøp, konkurransar, rammeavtalar og bygg og anleggsanskaffelser innanfor gjeldande lovverk om offentlege innkjøp. Rådgiving og opplæring i offentlege innkjøp. e-Handel, økonomiske kontroller, statistikk og prosjektarbeid. Kontakt med tenestene og leverandørar. Hjelpe tenestene med å kvalitetssikre deira innkjøpsprosessar i hht. lov og reglar. 

Arbeidsoppgåvene kan knyttast til ulike delar av arbeidsfeltet, og sjåast i kombinasjon av våre behov og kvalifiksjonane dine. 

Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer ein strukturert og resultatretta person med relevant utdanning på høgskule / universitetsnivå innanfor utdanningstetning som for eksempel juridiske fag, administrasjon og leiing, økonomi og bygg og anlegg. Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for formell utdanning.

Det er ønskelig med erfaring frå innkjøpsarbeid i offentleg sektor. Det er ein fordel med erfaring med E-handel. Kompetanse på bruk av administrative datasystem. God økonomisk, juridisk og forretningsmessig forståing. God i skriftleg og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeidar arbeidar sjølvstendig og målretta. Du er strukturert og systematisk. Gode samarbeids- og kommunikasjonsegenskapar vektleggast.
 
Vi tilbyr
  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • sterkt fagmiljø og spennande prosjekter.
  • sjølvstendig stilling.
  • ei av Noregs beste pensjonsordningar.

Tilsetjing
Stillinga er ledig for snarleg tilsetjing. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til innkjøpsleiar Arve Klokk tlf. 415 34 935 eller kommunalsjef Linda Nipen tlf. 415 30 118.

Elektronisk søknadsskjema. Søknafdsfrist 24.09.2018.