Skulestart Florø barneskole

Ledig stilling: Inspektør ved Brandsøy skule og barnehage

Frå 01.08.2014 er det ledig stilling som inspektør ved Brandsøy skule- og barnehage. Stillinga vil bli delt mellom leiaroppgåver og undervisning.

Det er gjennom fleire år drive eit aktivt utviklingsarbeid, og vi treng ein inspektør med eit strekt engasjement for å vidareutvikle SFO, barnehage og skule i tråd med vår visjon.

Brandsøy skule og barnehage har for tida 70 elevar og 20 plassar i barnehagen.

Vi ønskjer at du som søker:

  • Er ein målretta og initiativrik person
  • Har kompetanse og  leiareigenskapar i høve å ha leia vaksne i pedagogisk utviklingsarbeid
  • Har godkjent undervisningskompetanse
  • Har solide IKT kunnskapar

Vidare at du:

  • Har gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Er fagleg oppdatert, utviklingsorientert, kreativ og engasjert
  • Supplerer mangfaldet i kollegiet

Vilkår: Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktperson: Rektor Tor Solheim-Olsen, tlf. 95903314.

Søknadsfrist: 04. juli 2014, Elektronisk søknadsskjema finn du her.