Seglbåt med jente

Ledig stilling: Inspektør ved Torvmyrane skule

Ein av våre inspektørar har slutta for å gå over i ny stilling. Difor lyser vi med dette ut fast 100% stilling som inspektør frå 01.08 2014.

Torvmyrane skule har barnehage, 1-7 skule, innføringsklasse for minoritetsspråklege og SFO - alt i alt 250 barn og vel 50 voksne. Vi har som målsetting å fungere som ein samla organisasjon utetter og innetter. Vi har felles visjon og felles satsingar. Vi prøver å leve opp til mottoet vårt: 'Alle barn er alles barn'. Vi set pris på gode resultat. Men framfor alt rosar vi heilhjarta innsats, vilje til å forbetre seg gjennom nye utfordringar, og styrke til å tole skuffelsar og tilbakeslag.

Du vil bli del av ei leiargruppe med rektor, 2 inspektørar og sekretær. Hovudoppgåvene dine vil ligge innanfor skule og SFO, men leiargruppa har felles ansvar for å drifte og utvikle heile organisasjonen gjennom kollektive prosessar.

Du må vere pedagog med erfaring frå aldersdelt og aldersblanda pedagogikk, og du bør ha leiarerfaring og -utdanning. Vi ønskjer ein person som er lyttande, oppriktig, deltakande, prøvande og ikkje minst: humørfylt. Du må kunne vere prinsipiell, bestemt og direkte - men med hjartelag og eit smil.

Fleire opplysningar om Torvmyrane skule og stillinga kan du få ved å kontakte rektor Øivin Monsen på tlf. 415 34 950. Her finn du vår heimeside.

Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår.

Elektronisk søknadsskjema finn du her, søknadsfrist: 08.07.2014.