Båtar på hamna

Ledig stilling: Medarbeidar, ungdomshuset Haffen

Søker ein tydeleg, inkluderande, stabil, aktiv og kreativ medarbeidar. Gjerne humoristisk.

Kan du:

Klatre? Lage Mat? Mekke bil? Skate? Spille spill? Stå i konflikten? Mestre den gode samtalen?

Om oss:

Vi er 4 personar som har jobba lenge i saman, og som trivast veldig godt i ungdomsmiljøet!

Haffen er eit levande hus med ei fargerik ungdomsgruppe. Målgruppe 13-18 år. Vi jobbar turnus og har ope 4 dagar i veka, mest på kveld.

Du må kunne arbeide ein fast kveld i veka, kvar andre fredagskveld og ein larudag ettermiddag kvar 6. veke. Du må også kunne stille på fleire nattarrrangement.

Ungdomshuset Haffen ligg sentralt i Florø by, inneheld bandrom, biljard, diskotek, kjøkken og kafè.

Noko for deg?

Oppstart 8. desember 2017. Stillingsstorleik: 21,13%. Lønn etter avtale.

Søknadsfrist er 17. november. Elektronisk søknadsskjema.