Båtar på hamna

Ledig stilling: Miljøterapeut/ miljøarbeidar i tiltakstenesta

 

Tiltakstenesta søkjer nye engasjerte medarbeidarar som ønskjer seg ein meiningsfull og utfordrande jobb.
Flora kommune og tiltakstenesta er i utvikling og vi får stadig nye og spanande oppgåver. Vi er difor på jakt etter deg som ynskjer å jobbe hos oss i ein kortare eller lengre periode. 

Vi har behov for ein 10 årsverk i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg. I tillegg har vi behov for deltid og helg i varierande storleik. Det er engasjementstillingar med 1 års arbeidskontrakt. For fleire opplysningar om arbeidsoppgåvene ta kontakt med tenesteleiar eller avdelingsleiar.

Du må like å jobbe med menneske og ha god kommunikasjonsevne. Har du godt humør, likar å jobbe sjølvstendig og å ta ansvar så kan du være personen vi søker. Vi søker primært etter personar med relevant helsefagleg eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Erfaring vil bli tillagt vekt ved manglande formalkompetanse. Du vil få god og naudsynt opplæring. Det vert lagt vekt på personlege kvalifikasjonar og eigenskapar.

Kort om oss
Brukarane våre er ulike i alder og har ulike psykosoiale og/eller rusrelaterte utfordringar. Vi har ein ressursorientert og humanistisk tilnærming og har fokus på meistring og individuelle utviklingsmål hos våre brukarar. Vi har eit høgt fagleg nivå. Vi har stort fokus på arbeidsmiljø og trivsel for tilsette, og søker deg som kan vere med og oppretthalde og bidra til godt arbeidsmiljø. 

Arbeidsoppgåver
Arbeid med menneske med rusrelaterte og/eller psykososiale vanskar er utfordrande og givande. Vårt mål er å ta i vare brukarane sin identitet, eigenverd og sjølvstendigheit. Samarbeid på tvers av faggrupper er avgjerande for at brukarane skal få best mogleg tilbod.

Tilsetting skjer på vilkår av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Ved tilsetting vil det bli kravd politiattest. 

Elektronisk søknadsskjema.
Søknadsfrist  05.10.18. 
                                         

Kontaktpersonar
Erik Onstad, tenesteleiar, tlf: 41 53 49 67, erik.onstad@flora.kommune.no.
Jennet Vaardal, avdelingsleiar, tlf: 48 08 05 21/ 99 01 30 73, jennet.vaardal@flora.kommune.no.