Ytteroyane

Ledig stilling: Nyoppretta fast stilling som fysioterapeut

 

Fysio- og ergoterapiavdelinga har ledig nyoppretta stilling som fysioterapeut frå 01. januar 2014.


Vi treng offentleg godkjent fysioterapeut som:

  • har interesse for/ erfaring frå hab-/rehabiliteringsarbeid
  • har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • er positiv, fleksibel og handlingsretta
  • kan jobbe sjølvstendig og utadretta
  • kan kartlegge og formidle brukaren sin funksjon i hovudsak innan heim, skule og fritid
  • har fokus på brukar
  • likar utfordringar og har evne til å bidra aktivt innan nemnte arbeidsoppgåve

Stillinga er administrativt plassert i Fysio- og Ergoterapiavdeling, ei avdeling med 9, 5 stilling fordelt på fysio- og ergoterapi, vaktmeister for tekniske hjelpemiddel og sekretær. Avdelinga held til i Florø sentrum og er lokalisert saman med andre faggrupper.

Arbeidsområda vil hovudsakleg vere innan hab/ rehabilitering av vaksne og eldre, men og innslag av barn. Oppgåver som førebyggande heimebesøk, kvardagsrehabilitering og andre prosjekt kan også påreknast.

Vi kan tilby:

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt miljø
  • løn etter gjeldande tariffavtale

Søkjarar bør disponere bil.
Tilsetjing skjer på vilkår av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Ved tilsetting vil det bli kravd politiattest og registrering for tuberkulose og MRSA.
Det vert lagt vekt på personlege kvalifikasjonar og intervju må påreknast.

Ta kontakt med tenesteleiar Anita Norstrand, tlf. 57 75 80 80/ 89, eller avdelingsleiar Evy Aarsheim, tlf. 57 75 80 80/ 93 for nærare informasjon.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 11. desember 2013