Ledig stilling: Økonomirådgjevar
Flora kommune er ein spennande og samansett organisasjon å arbeide i. Økonomiavdelinga er ei stabs- og støtteavdeling, og skal vere ein moderne og framtidsretta arbeidsplass. Vi nyttar Visma Enterprise HRM og Visma Enterprise Økonomi, og implementerer nye modular som legg til rette for auka elektronisk sakshandsaming. Frå og med 01.01.2020 er Flora ein del av Kinn kommune.
Ein av våre tilsette går over i prosjektstilling, vi søkjer derfor etter medarbeidar i 100% fast stilling
- Rekneskapsføring, avstemming, årsoppgjer
- Budsjett- og analysearbeid
- Tilrettelegge, forenkle og vidareutvikle gode rutinar
- Støtte/vegleiing til tenestene
Kompetanse:
- Utdanning på høgskulenivå
- God kunnskap innan bruk av IKT
Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for formell utdanning.
- Teamorientert, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Nøyaktig, systematisk, analystisk, ryddig og serviceinnstilt
- Sjølvstendig og fornyingsorientert
- Omgjengeleg og sosial
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgaver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
- Godt kvalifiserte og hyggelege kollegaer
- God pensjonsordning og fleksitidsordning
- Løn etter tariff
For nærare opplysningar om stillinga kontakt fungerande rekneskapssjef Ingunn Frislid Solheim tlf. 952 14 520, e-post ingunn.solheim@flora.kommune.no eller kommunalsjef for økonomi Linda Mæland Nipen tlf. 415 30 118, e-post linda.nipen@flora.kommune.no.
Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist 24. september 2018.