Seglbåt med jente

Ledig stilling: Omsorgstenesta - bemanningskonsulent/kontormedarbeidar

100 % fast stilling som bemanningskonsulent /kontormedarbeidar.

Omsorgsadministrasjonen er støtteapparatet til alle fagavdelingane i omsorgstenesta. Du vil i saman med fem andre kollegaer vere den som skal dekke behovet for merkantile tenester.

I eit hektisk og godt arbeidsmiljø, er oppgåvene til ein kvar tid styrt av behovet til avdelingane. Dei faste oppgåvene er t.d. sentralbord, fakturabehandling, eigenbetaling, arkivering, referent i møter, oppfølging av arbeidskontrakter, innleige av vikarar og sakhandsaming i websak. Vi planlegg å prøve ut at omsorgsadministrasjonen skal overta innleige av vikarar for delar av omsorgstenesta frå hausten 2017.

Stillinga er ledig frå 01.09.2017.

Krav til stillinga:

  • Utdanning / erfaring frå merkantilt arbeid 
  • Imøtekommande, serviceinnstilt og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi søkjer deg:

  • Som er fleksibel og omstillingsvillig
  • Likar å jobbe i eit hektisk miljø 
  • Likar å jobbe i team

Du bør ha:

  • Kunnskap og interesse for økonomi / fakturabehandling
  • God datakunnskap og skriftleg framstillingsevne. Vi nyttar Visma, CosDoc,WebSak / Fokus og MinVakt

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med pleie og omsorgssjef Ragnhild Holm tlf. 99 02 87 39 eller fagleiar Stine Hovland  tlf. 41 53 49 37.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 03.07.2017.