hamnebasseng langt
Elever i sandkasse framfor Trovmyrane skule

Ledig stilling: Pedagogisk leiar Torvmyrane skule, barnehagen

Søknadsfrist: 3. januar 2012

Torvmyrane skule har eit mangfoldig og aktivt miljø som omfattar 1-7 skule, innføringsklasse for minoritetsspråklege barn, barnehage med friluftsgruppe, SFO. Til saman er vi 250 barn og 50 tilsette. Vi legg stor vekt på å opptre samla som personale under mottoet ”Alle barn er alles barn”. Vi har utvikla vår eigen medarbeidarprofil som vi prøver å etterleve så godt vi kan. Filosofi med barn og barns mange intelligensar står sentralt i vår pedagogiske profil saman med kultur og friluftsliv. For tida er vi særleg opptatt av å utvikle den profesjonelle samtalen kollegaer i mellom, og mellom barn og voksen. Du kan finne ut meir om Torvmyrane skule på www.torvmyrane.no.

Pedagogisk leiar
Vi har ledig fast stilling som pedagogisk leiar (100%) frå 20.02 2012.

Du vil gå inn i eit leiarteam på 4 pedagogiske leiarar som saman med 2 assistentar planlegg og gjennomfører eit pedagogisk tilbod for ei barnegruppe i alderen 1-2/3-4 år.

Vi ønskjer oss ein blid og engasjert person med førskulelærarutdanning eller annan relevant utdanning med sans for nye utfordringar som skal løysast saman med andre – også dei som arbeider i SFO og skule. Tilleggsutdanning vil vere ein fordel.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Har du spørsmål om stillinga, kan du ringje rektor Øivin Monsen, tel. 5775 6430 / 415 34950.

Elektronisk søknadsskjema