Båtar på hamna

Ledig stilling: Planrådgjevar/Arkitekt

Flora kommune har om lag 12.000 innbyggarar. Det særeigne bysenteret heiter Florø. Vi har gode kommunikasjonar med fly, buss og båt, eit variert nærings- og arbeidsliv i Sunnfjordregionen, gode oppvekstvilkår og eit mylder av kultur- og fritidstilbod.
 
Flora kommune ønskjer deg velkommen til eit utviklande arbeidsmiljø i ei spennande kommune med god moglegheit for eit aktivt liv.

Plan og samfunn

Avdelinga er direkte underlagt rådmannen, og har ansvar for fagfelta arealplanlegging, byggjesak, geodata, oppmåling, landbruk, viltforvaltning, miljø og forureining.

PLANRÅDGJEVAR/ARKITEKT

Vi ønskjer oss ein flink og engasjert arkitekt (eller at du har anna relevant høgare utdanning) for å handsame reguleringsplanar. Samarbeid med private og andre kommunale aktørar, for å komme fram til gode planløysingar, vil vere det sentrale i jobben. Vidare vil det vere viktig å kunne leggje fram sakene på ein enkel og tydeleg måte for politisk handsaming.

Kommunen handsamar i overkant av 15 stk. private reguleringsplanar i året. Vi legg stor vekt på at dei planane som blir lagt fram for handsaming held god kvalitet. Difor blir ein av hovudoppgåvene å gå gjennom innkomne planar med tilhøyrande dokument, og i samarbeid med søkjar syte for at planen held den kvaliteten dei skal ha.

I samband med kvar plan er det etterarbeid, t.d. kobling til planbasen, kunngjering m.m. som den som blir tilsett vil vere ansvarleg for at blir gjennomført.

Dei som arbeider med reguleringsplanar samarbeider tett med avdeling for byggesak. Dette inneberer dialog med byggesakshandsamar og bistand til byggesakavdelinga.
Det må påreknast andre oppgåver knytt til utvikling av kommunedelplanar og områdereguleringsplanar.

Vi kan tilby:

  • Utfordringar i ein kommune kor det skjer myke og kor vi vil mykje.
  • Hyggelege og flinke kollegar
  • Konkurransedyktig lønn.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

Du:

  • Du må vere kjent med plan- og bygningslova og dei krav den stiller til reguleringsplanar. Det er ein fordel om du er kjent med utbyggingsavtalar og oreigning.
  • Det er ynskelig at du har arkitektutdanning. Dette for at vi skal kunne samarbeide på eit fagleg høgt nivå med søkjarar og samarbeidspartnarar om utvikling av byen og kommunen.
  • Har lyst på nye utfordringar. Dette er ikkje berre ein floskel. Jobben vil innebere til dels store utfordringar fagleg, og ikkje minst i høve til høgt tempo og store og til dels ulike forventingar frå mange hald.
  • Du må ha normalt gode kunnskapar om bruk av vanlege IKT verktøy. Det vil vere ein stor fordel om du beherskar Autocad, Focus arealplan og/eller GISline.
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. I jobben skal du produsere ulike formelle dokumenter, skrive politiske saker og utforme andre dokumenter. Skriftspråket i Flora kommune er nynorsk.

Meir informasjon?
Kontakt plansjef  Rolf Bjarne Sund, tlf. 91710500 epost: rolf.bjarne.sund@flora.kommune.no eller nestleiar Heidi Dyrøy, tlf. 94155052 epost heidi.dyroey@flora.kommune.no

Søknadsfrist: 20. januar 2014.

Elektronisk søknad