Skulestart Florø barneskole

Ledig stilling: Programrettleiar/ flyktningkonsulent

Med atterhald om godkjenning i bystyret, skal KF Innvandrarsenteret i Flora tilsette programrettleiar/flyktningkonsulent i 100% stilling med snarleg tiltreding. 

Programrettleiaren jobbar i hovudsak med oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogram.  Målsettinga med introduksjonsprogrammet er å få deltakaren over til vanleg arbeid eller ordinær skulegang etter to år. Deltakarane er vaksne flyktningar som blir busette i kommunen, anten frå asylmottak eller som overføringsflyktningar i samarbeid med UNHCR.

Jobben kan medføre noko praktisk arbeid knytt til etablering og oppfølging i bustad, registrering hos politi og folkeregister, oppretting av bankkonto, m.m., og ev. kontakt med barnehage og skule dersom deltakaren har barn.

Arbeidet omfattar også kartlegging og utarbeiding av individuell plan, sakshandsaming, oppfølging av deltakarane i ulike tiltak og utstrakt samarbeid med norsklærarar, praksisplassar og offentlege etatar. God kontakt med offentlege og private arbeidsgivarar i kommunen er viktig. 

Til stillinga ønsker vi ein person med relevant utdanning på høgskulenivå, gjerne med veiledingskompetanse og/eller fleirkulturell kompetanse og erfaring, men også personar med relevant realkompetanse og erfaring kan søke. Vi oppfordrar spesielt menn til å søke. Det er ein fordel å vere litt nevenyttig, og du bør ha førarkort for bil. Vi legg vekt på fleksibilitet, vilje til læring og godt humør.

Nærare opplysningar får du hos dagleg leiar Arild Melvær, tlf 41534964, arild.melvaer@flora.kommune.no.

Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Søknadsfrist er 1.januar.

Elektronisk søknadsskjema finn du her