Ytteroyane

Ledig stilling: Prosjektleiar idrett

Søknadsfrist: 16.12.2016

Det er sprengt kapasitet i fleirbrukshallane og på kunstgrasbanane i Flora kommune. Det blir arbeidd med alternative løysingar for større hallkapasitet, og fullskala innandørs forballbane.

Florø Fotball skal spele 1. divisjon i 2017. Dette stiller klare krav til Florø Stadion.

Flora kommune skal ha ei sentral rolle i koordinering, planlegging og kartlegging av behov for nye store idrettsanlegg, og gjennom dette sikre satsing både på topp og breidde.

Flora kommune skal sikre drift av dei store fleiridrettsanlegga i kommunen. Ein felles driftsorganisasjon for dei kommunale idrettsanlegga blir vurdert, der ein også tar høgde for behov for bemanning ved arrangement osv. Drift av nærmiljøanlegg, leikeplassar og gymnastikksalar blir også vurdert i denne samanheng.

På bakgrunn av desse utfordringane lyser Flora kommune, Kultur og fritid etter Prosjektleiar idrett med tilsetting for 2 år, men med høve til forlenging av engasjementet.


Kompetansekrav:
Høgare utdanning innan prosjektleiing, men relevant praksis kan kompensere for dette. Vi vil legge vekt på røynsle innan økonomistyring og prosessleiing.

Arbeidsoppgåver
Arbeid med prosjektleiing blir organisert under Kultur og fritid, men i nær samhandling med andre kommunale tenester, private tenesteytarar og frivillige lag.  Samarbeid på tvers av faggrupper er avgjerende for at dei føreståande idrettsprosjekta i Flora skal bli vellukka.

Vi tilbyr
Ein utfordrande og spennende jobb i et triveleg og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar 
Aktiv personalpolitikk i forhold til helse, miljø og sikkerhet 
Leiarar som ønskjer at du er engasjert, fleksibel og kreativ 
Inkluderande arbeidsliv, bedriftshelsetjeneste, pensjonsordningar i KLP
Lønn etter avtale

Meir informasjon?
Kontakt kultur- og idrettskonsulent Margit Drivenes Kløvfjell på telefon 477 03 002.

Ein føresetnad for tilsetjing er at Flora bystyre godkjenner  budsjett med nemnde utfordingar i møte 20. desember 2016.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 16.12.2016.