Ytteroyane

Ledig stilling: Rektor/styrar - Solheim skule og barnehage

Det vil frå snarast bli ledig stilling som rektor og styrar for Solheim skule og barnehage i Norddalsfjord.

Solheim skule og barnehage har for tida 13 elevar og 5 barnehagebarn. Frå januar vert det 8 barn i barnehagen.

Vi ønskjer at du som søkjer:

  • er ein målretta og initiativrik person
  • har leiarerfaring
  • har arbeidd med pedagogisk utviklingsarbeid
  • har erfaring med administrativt arbeid
  • har erfaring med endrings- og utviklingsarbeid
  • har godkjent undervisningskompetanse og erfaring frå skuleverket
  • eventuelt har tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon

Vidare at du:

  • Set barnet/eleven i fokus
  • Er ein tydeleg og løysingsfokusert leiar
  • Har gode evner til kommunikasjon og samarbeid, ansvarleggjering og delegering
  • Er fagleg oppdatert, kreativ og engasjert
  • Er lyttande og støttande

Vilkår:

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, inklusive leiaravtale.

Flora kommune ønskjer å være representativ for mangfaldet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar vert oppmoda om å søkje stilling uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisk bakgrunn.

Kontaktpersonar: kommunalsjef Guri Langaas, tlf. 41 53 01 13 eller personalsjef Trond Ramstad Olsen, tlf  41 53 01 12.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 28.10.2013