Båtar i havnebassenget

Ledig stilling: Rettleiar, NAV Flora

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning og har 19000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.

NAV Flora har ledig ei fast 100% stilling som rettleiar frå 01.09.17.

NAV kontoret er etablert i partnarskap mellom stat og kommune og er lokalisert på SMS i Florø.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgskule eller universitetsutdanning på bacelornivå. Relevante utdanningsretningar kan vere velferdsutdanning, sosialt arbeid, pedagogisk utdanning, helsefagleg utdanning eller utdanning innan psykisk helse. Også andre utdanningsretningar kan vere aktuelle, etter ei konkret vurdering
  • God IKT/digital kompetanse
  • Rettleiingskompetanse
  • God på kommunikasjon og samhandling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi legg elles vekt på personlege eigenskapar.

Vi ynskjer søkjarar som:

  • Har eit særskilt engasjement for å følgje opp flyktningar
  • Har erfaring frå NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid med næringsliv står sentralt. Kjennskap til arbeidsmarkanden lokalt og regionalt er ein føremon
  • Ser løysingar for individ og næringsliv
  • Kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet
  • Kan arbeide målretta, systematisk og effektivt både i team og sjølvstendig
  • Kan skape gode arbeidsretta brukarmøter- motivere, lytte, rettleie og tenkje nytt
  • Set seg raskt inn i nye IKT- verktøy og nyttar det som oppfølgingsverktøy
  • Trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet. Er fleksibel og initiativrik
  • Har tru på at alle menneske, trass utfordringar, både kan få og behalde ordinært arbeid
  • Har pågangsmot og engasjement som vil utgjere ein forskjell

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Meiningsfylt kvardag med arbeidsoppgåver innan viktige samfunnsområde
  • Aktive, faglege og sterke og engasjerte medarbeidarar
  • Gode vilkår og pensjonsordning i KLP
  • Fleksibel arbeidstid

NAV er oppteken av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Som IA- verksemd legg vi tilhøva til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Kontakt:

Fleire opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte NAV leiar Inger Jorun Årseth på tlf. 952 35 287.

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist: 25.07.17.