Båtar på hamna
Søknadsfrist: 28.februar 2011

Ledig stilling som økonomikonsulent i Flora kommune

Søknadsfrist: 28.februar 2011

Økonomiavdelinga er ei av tre stabsavdelingar under rådmannen og har ansvar for utarbeiding av årsrekneskap, løpande rekneskapsførsel, lønsrekneskap, budsjett og økonomiplan, innfordring av skattar og avgifter, arbeidsgjevarkontroll og –veiledning, innkjøp, finansforvaltning og drift og utvikling av økonomisystema. Avdelinga har og ansvar for rekneskapsførsel og økonomistøtte til 4 kommunale føretak, Kinn Kyrkjeleg Fellesråd og eit Interkommunalt selskap.

Økonomiavdelinga i Flora kommune skal vere ein moderne og framtidsretta arbeidsplass.
I 2011 konverterer vi frå økonomisystema Visma Unique til Visma Enterprise, og vi implementerer nye moduler som legg til rette for auka elektronisk sakshandsaming. Dette byr på eit spennande og innovativt arbeidsmiljø.

Økonomiavdelinga søker etter økonomikonsulent til fast 100 % stilling.

Hovudansvar og –arbeidsområder
* Kontroll av budsjettrammer og budsjettjusteringar
* Investeringsrekneskap og prosjektrekneskap
* Generelt rekneskaps- og avstemmingsarbeid
* Bistand ved utarbeiding av budsjett, økonomiplan og handlingsprogram
* Bistand ved månadleg økonomirapportering og årsoppgjer
* Delta ved implementering og utvikling av interne økonomisystem og -rutinar

Kompetanse
* Utdanning på høgskulenivå
* Erfaring frå budsjett- og rekneskapsarbeid
* God kunnskap innan bruk av IKT
- Relevant erfaring kan erstatte krav om høgskuleutdanning.

Personlege eigenskapar
* Nøyaktig, strukturert, analytisk og serviceinnstilt
* Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
* Sjølvgåande og fornyingsorientert
* Omgjengeleg og sosial
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt.

Vi kan tilby
* Ein unik sjanse til å vere med på å utvikle eigne arbeidsoppgåver
* Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
* God pensjonsordning
* Løn etter avtale

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt økonomisjef Linda N. Asphjell på tlf 57 75 61 66, mobil 415 30 118 eller pr e-post linda.asphjell@flora.kommune.no.

Klikk her for å kome til kommunen sitt elektroniske søknadssenter