hamnebasseng langt

Ledig stilling som pedagogisk leiar - Nepjarhaugen barnehage

Søknadsfrist 12.12.2011

NEPJARHAUGEN BARNEHAGE
TRENG PEDAGOGISK LEIAR I FAST STILLING FRÅ 01.01.2012

napjarhaugen barnehageEr du førskulelærar og på jakt etter nye utfordringar, sjå her:

Nepjarhaugen barnehage ligg i Florø sentrum og har 2 avdelingar med 40 plassar for barn i alderen 1-6 år. Dette barnehageåret er det ca 8 årsverk fordelt på 12 tilsette.
Vi scorar høgt på arbeidsmiljøundersøkingar, har gode faglege diskusjonar og har ei kreativ og løysingsorientert tilnærming på utfordringar.

Barnehagen har sidan 2009 vore med i utviklingsprosjektet CDE (Community Designed Education). Gjennom dette arbeidet har vi eit særleg fokus på feedback, relasjonar og fleirkulturelt arbeid.

Vi søkjer deg som, har førskulelærarutdanning, set barnet i sentrum, har gode gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er fagleg oppdatert, fleksibel og løysingsorientert.

Vi kan tilby deg to-pedagogordning, systematisk kompetanseutvikling, kompetanselønssystem og løn etter gjeldane tariff.

For meir informasjon ta kontakt med styrar Kari Berge, tlf. 57741974. Gå gjerne inn på  heimesida  til barnehagen.

Elektronisk søknadsskjema finn du her .

Søknadsfrist: 12.12.2011