Seglbåt med jente

Ledig stilling som prosjektleiar kommunale bygg

Flora kommune har 36 formålsbygg og 240 bustader som tenesta Flora bygg og eigedom har forvalting, drift og vedlikehaldsansvar for. Samla bygningsareal utgjer om lag 65 000 m2. I tillegg opptrer vi som grunneigar på vegne av Flora kommune.

Flora kommune har fleire større og mindre byggeprosjekt under planlegging, samt løpande rehabilitering og oppgraderingsprosjekt på kommunale formålsbygg og bustader. Frå årskiftet 2014 overtar kommunen den gamle sjukehuseigedommen. For å ta hand om auka arbeidsmengde søker Flora kommune etter ein nyoppretta 100% fast stilling som prosjektleiar kommunale bygg. Vi ser etter ein medarbeidar som kan hjelpe oss med å realisere nye byggeplanar og delta i ulikt planarbeid relatert til utvikling av kommunen si samla bygningsmasse frå start til slutt.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudarbeidsoppgåve er knytt til gjennomføring av kommunale prosjekt innan nybygg og rehabilitering
  • Prosjekt- og byggeleiing
  • Økonomioppfølging og rapportering
  • Innhenting og evaluering av tilbod, og administrasjon av offentlege tilbodsprosessar.


Kvalifikasjonar:

  • Sivilingeniør bygg/anlegg eller tilsvarande
  • Prosjektleiarerfaring frå gjennomføring av bygg- og anleggsprosjekt
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Mål, løysings- og resultatorientert
  • Må vere serviceinnstilt, ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig

Flora kommune kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande oppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning
  • Lønn etter avtale

Tilsetjingsvilkår:

  • Tilsettings- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Kontaktperson:

Tenesteleiar Vidar Vårdal, tlf 57 75 62 01 / 95 75 40 51 – e-post: vidar.vaardal@flora.kommune.no

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: onsdag 23.10.13