Båtar på hamna
Penger

Ledig stilling som rekneskapskontrollør

Søknadsfrist: 1. august

Økonomiavdelinga er ei av tre stabsavdelingar under rådmannen og har ansvar for utarbeiding av årsrekneskap, løpande rekneskapsførsel, lønsrekneskap, budsjett og økonomiplan, innfordring av skattar og avgifter, arbeidsgjevarkontroll og –veiledning, innkjøp, finansforvaltning og drift og utvikling av økonomisystema. Avdelinga har og ansvar for rekneskapsførsel og økonomistøtte til 4 kommunale føretak, Kinn Kyrkjeleg Fellesråd og et Interkommunalt selskap.
Økonomiavdelinga i Flora kommune skal vere ein moderne og framtidsretta arbeidsplass. Dette byr på et spennande og innovativt arbeidsmiljø. Den som vert tilsett må vere førebudd på at organisasjonsendringar kan skje.

Regnskapskontrollør
 
Økonomiavdelinga søker etter regnskapskontrollør til fast 100 % stilling.
 
Hovudansvar og –arbeidsområdar
·         Bokettersyn og kontroll av skattetrekk og arbeidsgjevaravgift hjå arbeidsgjevarane i kommunen.
·         Informasjonsarbeid, rettleiing og oppfølgjing av arbeidsgjevarane.
·         Samarbeid med andre kontrollinstansar i distriktet.
·         Vera ein ressursperson innan kontrollaktiviteten.
·         Planleggje og rapportere eiga verksend i samråd med administrativ leiing.
·         Oppgåvene kan verta endra.
  
Kompetanse
·         Rekneskaps- og/eller revisjonsutdanning på høgskulenivå.
·         Røynsle frå tilsvarande arbeids- og ansvarsområde kan kompensere for manglande teoretisk utdanning.
·         Må ha gode IKT kunnskapar, samt ha ei god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
·         Må kunne disponere eigen bil.
 
Personlege eigenskapar
·         Nøyaktig, strukturert, analytisk og serviceinnstilt
·         Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
·         Sjølvgåande og fornyingsorientert
·         Omgjengeleg og sosial
 
Personleg eigenskap vil bli vektlagt.
 
Vi kan tilby
·         Ein unik sjanse til å vere med på å utvikle eigne arbeidsoppgåver
·         Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i et allsidig og fagleg spennande miljø
·         God pensjonsordning
·         Løn etter avtale
 
For nærare opplysningar om stillinga kontakt kemner Rune Osa på tlf 57 75 61 53, eller pr e-post rune.osa@flora.kommune.no.