Ytteroyane

Ledig stilling som sakshandsamar ved avdeling Barnevern

Tenesta Barn og Unge er ei samorganisering av helsestasjon, PPT, barnevern og tiltaksteam. Avdelinga barnevern har i dag ca 9 årsverk. Dette er inkludert avdelingsleiar og merkantil, og vi har ledig følgjande stilling:

Avdeling Barnevern har ledig 100% stilling som sakshandsamar

Arbeids- og ansvarsområde:

  • sakshandsaming etter lov om barneverntenester
  • følgje opp interne rutiner for drift
  • bidra til utvikling av tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonskrav:

  • Barnevernpedagog-  eller anna barnefagleg høgskuleutdanning
  • Relevant praksis

For stillingane vert dette vektlagt:

  • Fokus på førebyggande barnevernsarbeid og oppfølging av tiltak i heim, barnehage og skule
  • Oppfølging tiltak utenfor heim
  • Fagleg engasjement og evne til å vere løysningsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Handlekraftig, strukturert og systematisk i arbeidsmåte
  • Fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver, organisasjonsendringar mm
  • Evne til nytenking i høve til oppgåveløysing
  • Økonomisk medvit med omsyn til budsjettrammer
  • Kjennskap til sakshandsamingssystemet Familia og Øyvind Kvello sin utredningsmal (gjeld barnevern)

Vi tilbyr deg:

  • Spennande arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
  • Eit godt miljø prega av samarbeid, høgt tempo og humor
  • Arbeid etter teammodell

Stillinga er ledige frå 01.01.14. Spørsmål omkring stillinga kan rettast til tenesteleiar Gry H. Ommedal, tlf. 57 75 68 00 / 41 53 01 58 eller avdelingsleiar Steinar Solheim tlf. 57 75 68 00 / 415 30 151. Du må ha sertifikat og det vil bli krevd politiattest ved tilsetting.

Søknadsfrist 20.10.13

Elektronisk søknadsskjema