Båtar i hamna

Ledig stillingar: Flora ungdomsskule, lærarar

Ved Flora ungdomsskule er det ledig inntil 2 undervisningsstillingar frå 01.08.2018, årsvikariat.

Fagbehov er norsk, matematikk, naturfag, og evt andre relevante undervisningsfag. Det vert forventa at ein kan ta kontaktlæraransvar.

Flora ungdomsskule har 430 elevar i 17 klassar og 72 tilsette. Det er eigen avdeling for særskild norskopplæring. Det vert lagt vekt på kontinuerleg profesjonsutvikling mellom anna ved arbeid etter ein "Lesson Study"-modell og felles utviklingsprosjekt. Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt og i forhold til eigen praksis. Skulen har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar som engasjerer og inkluderer. Vi søkjer etter engasjerte lærarar med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. 

Kontaktpersonar: rektor Geir Knapstad tlf 97145218 eller ass. rektor Kari Vårdal, tlf 97089809.

Felles for våre skular:

  • Vi er med i lokalt og regionalt nettverksarbeid og i ulike utviklingsprosjekt
  • Startpakke, coaching og rettleiing for nytilsette
  • Kontaktlærargodtgjersle hos oss er for tida kr. 32.500 pr. år
  • Utvida kompetanselønssystem lokalt, tillegg inntil kr. 24.000 pr. år

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist: 22.05.2018.