Ytteroyane

Ledig vikariat: Miljøkoordinator ved KF Innvandrarsenteret

KF Innvandrarsenteret i Flora har ledig vikariat som miljøkoordinator i 100% stilling i tida 01.01.2018 - 31.12.2018. Miljøkoordinatoren har hovudansvar for oppfølging av busette einslege mindreårige flyktningar i Flora kommune. Dette gjeld om lag 25 personar i alderen 16 - 20 år.  Det er tilsett miljøarbeidarar i turnus som rapporterer til miljøkoordinator. Kontorstad er Innvandrarsenteret.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for miljøarbeid i bustad og fritid, for å sikre at miljøarbeidet held ein høg fagleg kvalitet i tråd med lover og forskrifter. Koordinator rapporterer direkte til dagleg leiar ved Innvandrarsenteret
  • Fagleg oppfølging av miljøarbeidarane
  • Vere ein del av miljøet og samarbeide med miljøarbeidarane om ungdommane
  • Ansvar for å oppdatere turnus og attestere timelister
  • Ansvar for kontakt og samarbeid med verje og aktuelle instansar rundt ungdommane
  • Utforme og medverke til gode tiltaksplanar. Delta i utforming av eit skreddarsydd tilbod for kvar einskild ungdom.

Utdanning og erfaring

  • Miljøterapeut med bachelor i helse- og sosialfag/vernepleiar med offentleg godkjenning
  • Erfaring i arbeid med flyktningar, og spesielt einslege mindreårige, er ein fordel
  • Erfaring i arbeid med turnus er ein fordel

For å lukkast i denne jobben, er det viktig at du

  • Har evne til å skape gode relasjonar og å kommunisere med ungdom på ein tillitvekkande måte
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er ansvarsfull og sjølvstendig
  • Har interesse for fagfeltet

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Spennande, varierande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

Vi stiller krav om gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.

KF Innvandrarsenteret krev framlegg av nyare politiattest før tilsetting for alle som jobbar med mindreårige. 

Søknad og meir informasjon

Nærare opplysningar om stillinga: Miljøkoordinator for EM Siri Sunde, tlf. 459 75 864, e-post: siri.sunde@flora.kommune.no.

Søknadsfrist: 5. november 2017. Elektronisk søknadsskjema.