Seglbåt med jente

Ledig vikariat som ergoterapeut

Flora kommune har ledig vikariat for ergoterapeut frå nov. 2013 til medio sept. 2014, då vår medarbeidar går ut i svangerskapspermisjon.

Vi treng offentleg godkjent ergoterapeut som:

  • har interesse for og erfaring frå hab-/rehabiliteringsarbeid
  • har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • er positiv, fleksibel og handlingsretta
  • kan jobbe sjølvstendig og utadretta
  • kan bistå brukarane i kartlegging av funksjon i hovudsak innan heim, skule og fritid
  • har fokus på brukar
  • likar utfordringar og har evne til å bidra aktivt i dei ulike arbeidsoppgåvene
  • andre oppgåver kan og påreknast

Stillinga er administrativt plassert i Fysio- og Ergoterapiavd, som i dag har stilling for 4 fysioterapeutar, 3 ergoterapeutar, 1 fysioterapikandidat og 1 vaktmeister for tekniske hjelpemiddel. Avdelinga held til i Florø sentrum og er lokalisert saman med andre faggrupper.

Vi kan tilby:

  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • løn etter gjeldande tariffavtale

Søkjar bør disponere bil. Tilsetjing skjer på vilkår av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Ved tilsetting vil det bli kravd politiattest og registrering for tuberkulose og MRSA.
Det vert lagt vekt på personlege kvalifikasjonar og intervju må påreknast.

Ta kontakt med tenesteleiar Anita Norstrand, tlf. 57 75 80 80/ 89, eller avd.leiar Evy Aarsheim, tlf. 57 75 80 93, for nærare informasjon.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 29. oktober, 2013