hamnebasseng langt

Ledig vikariatstilling: Sakshandsamar i barnevern

Søknadsfrist: 29.september

Søk på stillinga

Tenesta Barn og Unge er ei samorganisering av helsestasjon, PPT og barnevern. Avdelinga barnevern har i dag 9,8 årsverk, inkludert avdelingsleiar og merkantil. 
Vi har ledig følgjande stilling:

100% vikarstilling som sakshandsamar, frå og med oktober 2014 - sept 2015.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • sakshandsaming etter lov om barneverntenester
  • følgje opp interne rutiner for drift
  • bidra til utvikling av tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonskrav:

  • Barnevernpedagog-  eller anna barnefagleg høgskuleutdanning
  • Relevant praksis

For stillinga vert dette vektlagt:

  • Fokus på førebyggande barnevernsarbeid og oppfølging av tiltak i heim, barnehage og skule
  • Oppfølging tiltak utenfor heim
  • Fagleg engasjement og evne til å vere løysningsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Handlekraftig, strukturert og systematisk i arbeidsmåte
  • Fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver, organisasjonsendringar mm
  • Evne til nytenking i høve til oppgåveløysing
  • Økonomisk medvit med omsyn til budsjettrammer
  • Kjennskap til sakshandsamingssystemet Familia og Øyvind Kvello sin utredningsmal

Vi tilbyr deg:

  • Spennande arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
  • Eit godt miljø prega av samarbeid, høgt tempo og humor
  • Arbeid etter teammodell

Meir informasjon:
Stillinga er ledig frå 15.10.14.
Du må ha sertifikat og det vil bli krevd politiattest ved tilsetting.

Spørsmål? Kontakt tenesteleiar Gry H. Ommedal, tlf. 57 75 68 00/41 53 01 58 eller  avdelingsleiar Lena Eikefjord  tlf 57 75 68 00/ 415 30 156.
 

Søk på stillinga