Ytteroyane

Ledige stillingar: Brannkonstablar - avdeling Eikefjord

Flora brannvesen har ledige stillingar som deltids brannkonstablar ved understasjon i Eikefjord.
 
Ved denne stasjonen er det utrykkingsleiaren som går fast vakt, kvar 4. veke. Vanlig mannskap har ikkje fast vakt, men møter på dei alarmane som en har muligheit å møte på. Difor er det ein fordel at du bur og jobbar i sentrum, eller nærleiken av sentrum i Eikefjord.
 
Søkjar til stillinga bør være mellom 20 og 30 år. Det er ein fordel med fagbrev innan eit praktisk yrke, men dette er ikkje påkreva. Søkjar må være villig til å ta dei kurs som brannsjefen pålegg.
 
Ved tilbod om jobb må det leggast fram følgjande dokumentasjon:
  • Erklæring frå hovedarbeidsgivar om at en kan møte på alarmar i brannvesenet.
  • Helseattest som ikkje er eldre enn 12 mnd.
  • Dokumentasjon på bestått fysisk test for røykdykkar

Det er ein fordel om du har sertifikat for tunge køyretøy. 

Stillinga følgjer eige lønnsregulativ. Vanlege kommunale tilsettingsvilkår som framgår av lover, reglement og gjeldande tariffavtale.

Spørsmål kan rettast til:

  • Magne Igland på 57756034/95815442 (brannsjef)
  • Robert Endestad på 57756035/90124335 (varabrannsjef)

Elektronisk søknadsskjema. Frist for å søkje er 15. august 2018.