Skulestart Florø barneskole

Ledige stillingar: Brannkonstablar (reserve) - Flora brannvesen

Flora brannvesen har ledige to stillingar som deltids reserve brannkonstablar ved hovudstasjon i sentrum.

Søkjar til stillinga bør være mellom 20 og 30 år. Det er ein fordel med fagbrev innan eit praktisk yrke, men dette er ikkje et krav.

Søkjar må være villig til å ta dei kurs som brannsjefen pålegg.

Ved tilbod om jobb må det leggast fram følgjande dokumentasjon:

  • Erklæring frå hovudarbeidsgivar om at en kan møte på alarmar i brannvesenet.
  • Helseattest som ikkje er eldre enn 12 mnd.
  • Dokumentasjon på bestått fysisk test for røykdykkar

Søkjar må ha sertifikat for tunge køyretøy, eller være villig til å ta dette innan 12 månader etter tilsetting, for eigne kostnader.

Den som blir tilsett skal være reserve for brannkonstablar som er på etablert vakt og skal gå inn på vaktlaget under sjukdom og liknande.

Når en brannkonstabel sluttar vil en reserve rykke opp og inngå i etablert vaktsystem.

Stillinga følgjer eige lønnsregulativ. Forøvrig gjeld vanlege kommunale tilsettingsvilkår som fram går av lover, reglement og gjeldande tariffavtale.

Spørsmål kan rettast til

  • Robert Endestad på 57756035/90124335 (brannsjef)
  • Magne Igland på 57756034/95815442 (varabrannsjef)

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist: 04. oktober 2019.