Seglbåt med jente

Ledige stillingar: Eikefjord barnehage

Eikefjord barnehage har for tida følgjande stillingar ledige:

  • Ein fast stilling pedagog 100%
  • Eit vikariat pedagog 100%

Oppstart 17/8-17 og heile barnehageåret.

Arbeidsoppgåver:

  • Du har fagleg engasjement og evna til å la deg begeistre 
  • Ansvar for foreldresamarbeid 
  • Deltakar i barnehagen si leiargruppe 
  • Du bidreg til utvikling hos avdelingspersonalet 
  • Du bidreg til barn si utvikling 
  • Du bidreg til pedagogisk utvikling i barnehagen 
  • Du er nytenkande og ser moglegheiter framfor hindringar

Kvalifikasjonar:

  • Du som søkjer glødar for kvalitet i barnehage, og vil vere med på vårt prosjekt "Korleis kan hage og vatn skape leik og undring i barnehagen“
  • Du er utdanna barnehagelærar 
  • Erfaring frå barnehage er ønskeleg, men ikkje ein føresetnad

Utdanningsretning:

  • Førskolelærar
  • Utdanningstittel: Barnehagelærar

Personlege eigenskapar:

  • Du har evna til å sjå kvart enkelt barn, og møte barn som sjølvstendige individ 
  • Du har evna til å leve i her og no-situasjonar

I Eikefjord barnehage vil du få oppleve eit sterkt engasjert personale som er fagleg dyktige, inkluderande og med godt humør.

Søknadsfrist: 07.07.2017. Elektronisk søknadsskjema