Ytterøyane fyr

Ledige stillingar: Helseansvarleg og miljøarbeidar KF Innvandrarsenteret

KF Innvandrarsenteret i Flora skal frå 1. mars tilsette ein helseansvarleg i 40% fast stilling, og ein miljøarbeidar i 50% fast stilling. Stillingane høyrer for tida til staben på Solbakken asylmottak.  

Til helseansvarleg søker vi ein person med helsefagleg bakgrunn, gjerne med bakgrunn innan psykisk helse. Helseansvarleg har ansvar for kartlegging og oppfølging av helsa til bebuarane ved mottaket i samarbeid med helsevesenet elles. Det er også lagt sterk vekt på førebyggande helsearbeid. 

Til miljøarbeidarstillinga er det ingen formelle krav til utdanning, men vi ynskjer ein nevenyttig person med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi vil legge vekt på kunnskap om generelt vedlikehald av hus og personlege eigenskapar ved tilsetjing. 

Til begge stillingane kan vi tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit travelt arbeidsmiljø, med kontor på Solbakken i Jakob Sandevegen 14.  Vi tilbyr god intern og ekstern opplæring. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Lønn etter avtale. 

Du må vere positiv, målretta og resultatorientert, kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og initiativrik og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Fleirkulturell kompetanse er ein fordel. Du må kunne uttrykke deg godt, skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk.

Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld kan påreknast. Sidan arbeid med asylsøkarar og flyktningar er prega av tett politisk styring og raske endringar i rammeføresetnadane, kan arbeidsavtalen bli endra på kort varsel. 

Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist: 25. januar 2018.

Kopi av attestar og vitnemål, samt politiattest, skal leverast etter nærare avtale.

Vi oppfordrar menn og personer med innvandrarbakgrunn om å søke stillingane. 
 
Nærare opplysningar om stillingane kan du få hos mottaksleiar Bente Nygård på telefon 57 75 66 76.