hamnebasseng langt

Ledige stillingar i Tiltakstenesta

Stillingar:

  • Miljøarbeider/miljøterapeut ungdom (prosjekt 1)
  • Burettleiar (prosjekt 2)

Flora kommune er deltakar i eit 5-årig bustadsosialt utviklingsprogram i regi av Husbanken. Satsinga dekkjer bu- og tenestetilbod til grupper som har vanskar med å kome inn eller vere på ordinært bustadmarknad. Målet er at fleire vanskelegstilte skal bu i stabile og varige buforhold.

Flora kommune skal som del av programsatsinga gjennomføre to prosjekt:

  1.  "Ung start i Flora" – 3-årig prosjekt for utprøving av forebyggande ungdomsarbeid       
  2. "Bustadsosial vaktmester" - 2-årig prosjekt for utprøving av burettleiing og praktisk bistand i bustader    

Til kvar av prosjekta søker Flora kommune ein miljøarbeidar, i 100% stilling i prosjektperioden. Begge stillingane er lagt til Tiltakstenesta og det vert tilsett for eitt prosjektår av gangen frå haust 2014. Begge stillingane går inn i turnus, i lag med dei tilsette i tiltakstenesta. 

Arbeidsoppgåver og ansvar: 

  • Samarbeide med ungdom/heim , støtte ungdom i risikosone i overgang til sjølvstendig liv i eigen bustad, bidra til auka sosial deltaking, auka mestring og motivasjon - i prosjekt 1
  • Praktisk anlagt miljøarbeider som kan gi bistand og burettleiing i heimen,  evt organisere burettleiing i grupper og drive tilbodet som arbeidstrening - i prosjekt 2  

Kvalifikasjoner og eigenskaper: 

  • 3-årig relevant høgskule, fortrinnsvis Helse- og sosialfag, evt barne- eller vernepleiar
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med ungdom, rettleiing og prosjekt

 Personlege eigenskapar for begge stillingar: 

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Fleksibilitet, engasjement, fleksibilitet og praktisk anlagt
  • Må vere initiativrik, ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig 
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar 

Flora kommune kan tilby:

  • Eit positivt, spennande, meiningsfylt og godt arbeidsmiljø arbeidsmiljø med varierte oppgaver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidordning
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Eige kompetanselønssystem

Generelt: Tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Kommunen vektlegg mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidater til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Kontaktperson:

Tenesteleiar Tiltakstenesta, Anne Merete Ødven tlf. 99532409 eller e-post: AnneMerete.Odven@flora.kommune.no.

Elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist: 09.09.2014