Seglbåt med jente

Ledige stillingar innan omsorgstenesta

Furuhaugane omsorgssenter, korttidsavdeling

  • 100% fast sjukepleiarstilling frå snarast
  • 100% helsefagarbeidar vikariat frå snarast tom. 31.12.2017
  • Avdelinga har ledig helgestillingar for sjukepleiestudentar og helsefagelevar 

Gjerne med vidareutdanning eller interesse for akutt sjukepleie, rehabilitering, geriatri, palliasjon og psykiatri. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Elin Sørbotten tlf. 41 53 61 41.

Heimeteneste Krokane

  • 2 x 100% sjukepleiar vikariat frå snarast, til og med 31.12.2017
  • Avdelinga har ledig helgestillingar for sjukepleiestudentar og helsefagelevar 

Gjerne med vidareutdanning eller interesse for akutt sjukepleie, rehabilitering, geriatri, palliasjon eller psykiatri. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Evy Bjørnset tlf. 41 53 49 18.

Flora omsorgssenter, skjerma avdeling  

  • 4 helgestillingar, arbeid annankvar eller tredjekvar helg

For sjukepleiestudentar og helsefagelevar, for meir informasjon kontakt avdelingsleiar Janne Berstad tlf. 41 53 49 24.

Bu og miljøteneste, Skridholgate 13

  • 3 helgestillingar, arbeid annakvar eller tredjekvar helg

For vernepleiestudentar og helsefagelevar. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Lasse Seim tlf. 41 53 49 53.

Bu og miljøteneste, Jakob Sandevegen

  • 3 helgestillingar, arbeid annakvar eller tredjekvar helg

For vernepleiestudentar og helsefagelevar. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Ingrun Gram tlf. 41 53 49 14.

Støttekontakt

  • Oppdrag på 2-4 timar per veke

Vi ynskjer kontakt med deg som er frå 18 år og oppover som kan tenke deg å være støttekontakt 2 - 4 timar per veke. Både heimetenesta og bu og miljøtenesta har ledig oppdrag. Dei som treng støttekontakt er frå 14 til 80 år, og aktivitetar kan være følgje til kulturarrangement, den gode samtalen i eigen heim, turkamerat.

Kontaktperson bu og miljø, Lasse Seim tlf. 41 53 49 53. Kontaktperson heimetenesta, Herdis Hauge Book tlf. 41 53 49 36.

Maurtua avlastningsbustad

  • 5 helgestillingar

Vi har ledig helgstillingar med arbeid annankvar helg for ansvarsfull person. Vi søkjer deg som har helsefagutdanning eller høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. Du må gjerne vere under utdanning som helsefagarbeidar eller annan helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning. For meir informasjon kontakt meiransvarleg Linda Lundebrekke tlf. 45 97 08 06.

For stillingane: Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist for stillingane er 01.10.2016.