Ytteroyane
navlogo

Ledige stillingar NAV Flora

Nav Flora. har i dag 23 tilsette og er organisert med eit brukarsenter og ei avdeling for oppfølging. Kontoret har ansvar for å gje busette i Flora kommune bistand til å komme i arbeid eller aktivitet, og har ansvaret for kommunen sine sosiale tenester knytt til mellom anna økonomisk sosialhjelp, bustadtildeling, rus og kvalifiserings-programmet.

Rådgjevarar

Vi driv ei aktiv og fagleg teneste som set tenestemottakaren i sentrum. Vi driv utviklings-arbeid og ulike prosjekt. Tenesta er aktivt med i arbeidet for å utvikle gode kommunale og statlege tenester.

Vi kan tilby ein kreativ, fleksibel og utfordrande arbeidsplass. Du kjem til ei positiv personalgruppe, som vil dele av fagkunnskapen sin. Vi er opptekne av å vere aktive i møte med alle som tek imot eit tenestetilbod frå oss.

Vi har frå 01.09.13. ledig 1 fast 100% stilling og 1 års vikariat 100% stilling som rådgjevarar.

Arbeids- og ansvarsområder:

• Rettleiing, utgreiing og saksbehandling knyta til avklaring av arbeidsevne og vurdering av vilkår for ytingar
• Motivere og legge til rette for at bruker skal kome tilbake i arbeid og/eller aktivitet
• Utarbeide aktivitetsplanar
• Samhandling med arbeidsgjevarar, legar og andre samarbeidspartar
• Endring av ansvar og arbeidsoppgåver må påreknast

Du må ha:

• 3-årig relevant utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå
• Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
• God skriftlig og munnleg framstillingsevne
• Evne til å takle en hektisk kvardag

Prosjektstilling

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har løyvd tilskott til bustadsosialt arbeid i Flora kommune. Prosjektet har som mål å legge til rette for ungdom og unge vaksne som skal inn på bustadmarknaden, kartlegge bruken av midlertidige bustadar og å redusere bruken av dette tilbodet. Det vert lyst ut 100% prosjektstilling for snarleg tilsetjing. Stillinga er midlertidig for 1 år men kan bli forlenga.

Vi søkjer etter ein person med:

• 3 årig høgskuleutdanning helst innan helse- og sosialfag
• erfaring frå bustadsosialt arbeid og/eller prosjektarbeid

Det vert lagt stor vekt på motivasjon og at søkjarane er godt skikka for stillingane ("personleg eigna ").

For nærare opplysningar om stillinga kan du kontakte leiar Unni Furnes på tlf. 55 55 33 33 / 90 13 86 65

Tilsetjing og løn etter gjeldande avtaleverk innan kommunal sektor.

Elektronisk søknadsskjema finn du på vår side for ledige stillingar.

Søknadsfrist er 15.08.13.