Skulestart Florø barneskole

Ledige stillingar: NAV Flora

Nav Flora har i dag 25 tilsette og er organisert med eit brukarsenter og ei avdeling for oppfølging. Kontoret har ansvar for å gje busette i Flora kommune bistand til å komme i arbeid eller aktivitet, og har ansvaret for kommunen sine sosiale tenester knytt til mellom anna økonomisk sosialhjelp, bustadtildeling, rus og kvalifiserings-programmet.

Rådgjevar

Vi driv ei aktiv og fagleg teneste som set tenestemottakaren i sentrum. Vi driv utviklingsarbeid og ulike prosjekt. Tenesta er aktivt med i arbeidet for å utvikle gode kommunale og statlege tenester. NAV Flora sine satsingsområde er å gje god oppfølging av ungdom og innvandrarar, rus samt marknadsarbeid.

Vi kan tilby ein kreativ, fleksibel og utfordrande arbeidsplass. Du kjem til ei positiv personalgruppe, som vil dele av fagkunnskapen sin. Vi er opptekne av å vere aktive i møte med alle som tek imot eit tenestetilbod frå oss. 

Vi har frå 01.10.15. ledig 3 vikariat i 100% kommunale stillingar og 1 vikariat i 100% statleg stilling.

Arbeids- og ansvarsområder: 

  • Rettleiing, utgreiing og saksbehandling knyta til avklaring av arbeidsevne og vurdering av vilkår for ytingar
  • Motivere og legge til rette for at bruker skal kome tilbake i arbeid og/eller aktivitet
  • Kontakt med arbeidsgjevarar og marknadsarbeid generelt
  • Samhandling med arbeidsgjevarar, legar og andre samarbeidspartar
  • Endring av ansvar og arbeidsoppgåver må påreknast

Du må ha:

  • Minimum 3-årig relevant utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå
  • Marknadskompetanse og rettleiingskompetanse er ønskeleg
  • Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God skriftlig og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å takle en hektisk kvardag

Det vert lagt stor vekt på motivasjon og at søkjarane er godt skikka for stillinga ("personleg eigna ").  

For nærare opplysningar om stillingane kan du kontakte: Leiar Unni Furnes på tlf. 5555 3333 / 90138665.

Tilsetjing og løn etter gjeldande avtaleverk.

Elektronisk søknadsskjemaSøknadsfrist er 29.09.15.