Ytteroyane

Ledige stillingar: Omsorgstenesta dagtilbodet - i Flora og Eikefjord

Omsorgstenesta søkjer etter ny engasjert leiar og medarbeidar som vil vere med å skape endring!
 
Flora kommune har sidan 2015 hatt prosjektet LEV VEL – kultur og eldre. Dette er eit tverrfagleg prosjekt for å skape aktive og meiningsfulle  kvardagar til eldre. 20% av stillinga er å vere koordinator for frivillige i omsorgstenesta.
Vi ynskjer å fokusere på førebyggjande helsearbeid med innhald, livskvalitet, tryggleik og meistring for eldre  i kvardagen. Det er eit mål at alle skal ha høve til å bu heime lengst mogleg og motta individuelle tilrettelagte tenester. Vi ynskjer å tilrettelegge tenester for personar med demens slik at den enkelte og dei pårørande opplever meiningsfulle dagar. Dagsenteret er og blir sentralt i dette arbeidet. Dei nasjonale føringar seier at innan 2020 skal ein ha eige tilbod til personar med demens. 
 
Dagsenteret er eit tilbud for:
  •  eldre, heimebuande som treng kvardagsaktivitetar.
  • heimebuande personar med demens.
  • avlastning for heimebuande eldre.
 
Dagleg leiar dagtilbod, sentrum
100% fast stilling.
Flora dagsenter har lokale ved Flora omsorgssenter. Det har ope fem dagar i veka. I tillegg er det no kveldsope to kveldar. 
For meir informasjon kontakt avdelingsleiar ved Havreneset heimeteneste Herdis H. Book tlf. 415 34 936 eller pleie og omsorgssjef Ragnhild Holm tlf. 990 28 739.
 
Dette er ei spanande stilling som vil vere med å utvikle organiseringa og dei ulike aktivitetane eit dagtilbod skal ha. 

Arbeidsoppgåver 
  • sikre heilskapstenking i dagleg drift 
  • planlegge og gjennomføre daglege aktivitetar, i samarbeid med tilsette
  • implementere aktiv omsorg gjennom individuell kartlegging, gjennomføring og  systematisk dokumentasjon
  • tett samarbeid med frivilligsentral og frivillig sektor
  • planlegge og gjennomføre inntak av nye brukarar i samarbeid med forvaltningseininga
  • samhandle med brukarar og pårørande 
  • tverrfagleg samarbeid
  • vere med å utvikle morgondagens organisering av dagtilbod for eldre
  • legge tilrette for systematisk etisk refleksjon
 
Personlige eigenskaper
  • ​​ gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team, samt evne til å arbeide sjølvstendig og tenke heilskapleg
  • fleksibel, løysningsorientert og ha evne til nytenkning
  • har tydelig kommunikasjon og kan inspirere og veilede personalet og samarbeidspartnarar
  • du kan vise til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • vår nye leiar tar ansvar, og jobber strukturert
  • du har fokus på service
  • personlege eigenskaper vil bli vektlagt
 
 
Dagtilbodet i Eikefjord
100% fast stilling 
Dagtilbodet  har base på Allhuset i Eikefjord. Det har ope fem dagar i veka. 
For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Evy Renate Bjørnseth tlf. 41 53 49 18. 
 
Arbeidsoppgåver 
  • sikre heilskapstenking i dagleg drift 
  • planlegge og gjennomføre daglege aktivitetar, i samarbeid med tilsette
  • implementere aktiv omsorg gjennom individuell kartlegging, gjennomføring og systematisk dokumentasjon
  • tett samarbeid med frivilligsentral og frivillig sektor
  • planlegge og gjennomføre inntak av nye brukarar i samarbeid med heimetenesta og tildelingseining
  • samhandle med brukarar og pårørande 
  • vere med å utvikle morgondagens organisering av dagtilbod for eldre
 
Personlege eigenskaper
  • gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team, samt evne til å arbeide sjølvstendig og tenke heilskapleg
  • fleksibel, løysningsorientert og ha evne til nytenkning
  • du kan vise til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • du har fokus på service
  • personlege eigenskaper vil bli vektlagt
 
Krav til stillingane: førarkort
Ved tilsetting må du legge fram politiattest.
God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår.
 
Søknadsfrist er 08.10. 2018.