Båtar på hamna

Ledige stillingar: Omsorgstenesta

Heimetenesta Eikefjord, avdelingsleiarstilling

  • 100 % fast stilling. Tiltredelse etter avtale, seinast 01.03.19
Som avdelingsleiar er du arkitekten og bygger eit godt og produktivt arbeidsmiljø for den  avdelinga du skal leie. Du er leiar og  hovudansvarleg for god omdømmebygging av avdelinga di og har ansvar for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Flora kommune og omsorgstenesta har sett. 
 
Kontaktperson: pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm, tlf. 99 02 87 39.
 
God pensjonsordning i KLP og gode lønsvilkår.
 
Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 07.12.2018.
 

Furuhaugane Omsorgssenter 

Vi er ein somatisk institusjon med 2 avdelingar og har 51 senger. I tillegg har vi mottakskjøkken, reinhaldsavdeling, aktivitetsstove og frisør. Vi fokuserer på aktivitet og  trivsel.

  • Vi søkjer fast sjuke-/vernepleiarar i 100% stilling frå snarast

Vi søkjer:

Sykepleiar eller vernepleiar. Gjerne med vidareutdanning eller interesse for akutt sjukepleie, palliasjon, kreftsjukepleiarar, rehabilitering, geriatri, demens, psykiatri, hud /sår/ernæring.

Sjukepleiarstudentar som blir ferdigutdanna i 2019 kan også søkje.

Kontaktperson: Fagleiar Stine Hovland, tlf. 41534937.

Elektronisk søknadsskjema.Søknadsfrist er 14.12. 2018.