hamnebasseng langt

Ledige stillingar ved Krokane skule

Krokane skule har for tida 200 elevar. Skulen er ein 1 – 7 skule, med fritidsordning for 1. - 4. klasse.  

Skulen har gjennom mange år drive eit aktivt utviklingsarbeid basert på «CDE – Community Designed Education». Skulen sin visjon dannar grunnlaget for utviklingsarbeid og val av satsingsområde, og utvalde område frå visjonen blir prioriterte og arbeidd spesielt med over lengre tid. Frå 2013 og vidare framover har vi særskilt fokus på auka meistringsoppleving og læringsutbytte hos elevane. 

Heile personalet er medverkande i utviklingsarbeidet gjennom felles samlingar; planleggingsdagar, personalmøte m.m. Over ein periode på halvanna (frå januar 2014) år tek lærarane, assistentane og leiinga vidare- og etterutdanning i klasseleiing i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Vi treng engasjerte medarbeidarar med evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid. Leiinga og dei tilsette har eit individuelt og felles ansvar for å skape eit godt og utviklande arbeidsmiljø for alle; vaksne og barn – og det er ein føresetnad at nye medarbeidarar medverkar til dette. Samstundes må du kunne arbeide sjølvstendig og halde deg fagleg oppdatert.

Frå 01.08.2014 er følgjande stillingar ledige ved Krokane skule:

  1. Lærar med spesialpedagogisk kompetanse, 85%
    Engasjement skuleåret 2014 – 15
  2. Lærar med spesialpedagogisk kompetanse, 61%
    Engasjement skuleåret 2014 - 15

Kompetansekrav for begge stillingane: 

  • Vidareutdanning (min. Bachelor eller tilsvarande) i spesialpedagogikk og erfaring frå arbeid med spesialpedagogikk i skule
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Kunnskap og erfaring med bruk av digitale og andre hjelpemiddel til bruk i opplæringa for barn med spesialpedagogiske behov 

Vilkår:  Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. 

Kontaktperson: Rektor Bjørg Aslaksen, tlf. 480 80 563.

Elektronisk søknadsskjema, søknadsfrist: 08.07.2014.