Båtar på hamna

Ledige stillingar ved Solheim skule og barnehage

Lærar ved Solheim skule og barnehage - 1 fast stilling

Det er ledig 100% stilling som lærar ved Solheim skule og barnehage frå 1. august 2014. Inkludert i stillinga er kontaktlærarfunksjon for 5. – 7. klasse. 

Vi søkjer ein aktiv og engasjert lærar som har evne til å motivere elevane, og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø ved skulen. Skulen har IKT som satsingsområde, og vi legg difor stor vekt på søkjaren sine ferdigheiter på dette området.

Generelt: 

  • Vi treng deg som er oppteken av å skape gode lærings- og utviklingsvilkår for barn og ungdom. Du er oppteken av di eiga læring og utvikling og trivs i eit miljø som gjev deg høve til dette
  • Vi er med i det verdsomspennande prosjektet Community Designed Schools (CDS) og Community Designed Education (CDE)
  • Startpakke, coaching og rettleiing for nytilsette

Elektronisk søknadsskjema

Ledig stilling som pedagogisk leiar ved Solheim skule og barnehage frå 01.08.2014


Vi søker deg som:

  • set barnet i sentrum
  • er oppteken av å bygge relasjonar
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har gode leiareigenskapar
  • er fagleg oppdatert
  • er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • er sjølvgåande og endringsvillig

Vi kan tilby:

  • kompetanselønssystem
  • fagnettverk
  • kompetanseutvikling
  • 5 planleggingsdagar i året
  • systematisk kompetanseutvikling

Det er krav om fullført førskulelærarutdanning. For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår.

Elektronisk søknadsskjema.

Felles for stillingane:

For nærare informasjon kan du ringe til rektor Vilma Figueroa på telefon 90 78 73 05.

Søknadsfrist 07.04.2014