Skulestart

Ledige vikarstillingar som rettleiar på NAV

Søknadsfrist 31.12.2017

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til befolkninga i Noreg og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet.
NAV skal gje menneske muligheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid.
NAV Flora har i dag 30 tilsette, er etablert i partnerskap mellom stat og kommune, og er lokalisert på SMS i Florø.

Kontoret har  ledig to vikariat i 100% stilling
Vi søkjer vikar  snarast. Det eine vikariatet gjeld for eitt år, det andre gjeld fram til 30.06.18, med mogeleg forlenging.

Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgskule eller universitetsutdanning på bachelornivå
  • God IKT/digital kompetanse
  • Rettleiingskompetanse
  • God på kommunikasjon og samhandling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det vert lagt stor vekt på personlege eigneskapar.

Vi ynskjer deg som:

  • Har erfaring frå NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid med næringsliv står sentralt. Kjennskap til arbeidsmarkanden lokalt og regionalt er ein føremon
  • Ser løysingar for individ og næringsliv
  • Kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet
  • Kan arbeide målretta, systematisk og effektivt både i team og sjølvstendig
  • Kan skape gode arbeidsretta brukarmøter både individuelt og i grupper - motivere, lytte, rettleie og tenkje nytt
  • Set deg raskt inn i nye IKT- verktøy og nyttar det som oppfølgingsverktøy
  • Trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet. Er fleksibel og initiativrik
  • Har tru på at alle menneske, trass utfordringar, både kan få og behalde ordinært arbeid
  • Har pågangsmot og engasjement som vil utgjere ein forskjell
  • Gjerne eit særleg engasjement for ungdom og flyktningar
  • Trivs med å arbeide ut mot næringslivet og samarbeidspartar

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Meiningsfylt kvardag med arbeidsoppgåver innan viktige samfunnsområde
  • Aktive, fagleg sterke og engasjerte medarbeidarar
  • Gode vilkår og pensjonsordning i KLP
  • Fleksibel arbeidstid

NAV er oppteken av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Som IA- verksemd legg vi tilhøva til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.

Søknad og meir informasjon:

Nærare opplysingar om stillingane: NAV-leiar Inger Jorun Årseth, tlf: 952 35 287

Klikk her for elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist: 31.12.17