Ytteroyane

Om legetenesta

SMS bygget Alle kommunen sine kurative legetenester er i Sunnfjord Medisinske Senter.

Legane held til i 2. etasje og er organisert i eit driftsfelleskap:

Legegruppa SMS AS.



Telefon:
Legegruppa SMS har telefonnummer 57 75 80 00 og denne telefonen er betjent i perioden 08.00 til 15.30. Det er mange telefonlinjer inn og 3-4 personar som svarar på telefonen. Trafikken er likevel i periodar så stor at det vert ventetid før ein får svar. Men om ein held ut får alle svar.

Timebestilling: Bestill time på nett!
Vanlege timebestillingar tek ein imot i heile opningstida. For vanlege kontrollar må ei rekne med ei ventetid på 1-4 veker, noko avhengig av kva det gjeld og den einskilde lege sin kapasitet.Ved meir akutte tilstandar og trong for time same dag anbefalar vi å ringe tidleg om morgonen. Då kan det vere lettare å få time hjå eigen fastlege, og i alle høve er det betre kapasitet på føremiddag , enn om ein ventar til ut på dagen.

Medisinbestilling: Forny resept på nett!
Bestilling av faste medisinar kan ringast inn. Vi anbefalar at ein bestiller alle medisinane ein brukar samstundes. Dette vert rimelegare for brukar og tidsparande for legesenteret. Legesenteret har ordning der reseptane kan leverast på apoteket, lik at ein kan hente dei direkte der.