Båtar på hamna

Lei av lange KID-nummer?

Gjer det lettare å betale rekningane dine!

Gjer som mange andre i Flora kommune, bruk

Logo eFaktura 

eller 

Logo Avtalegiro

Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du slepp å taste inn lange KID-nummer, kontonummer og beløp.

I nettbanken har du alltid god oversikt over både ubetalte og betalte rekningar. For å betale fakturaen går du rett inn i nettbanken for å godkjenne eFakturaen som vil ligge til utbetaling ved forfall. Om du ynskjer kan du også skrive ut rekninga.

Du vert varsla på e-post kvar gong du mottek ein ny eFaktura i nettbanken.

Med avtalegiro vert betalinga trekt direkte frå din konto på forfallsdato. Du kan kombinere eFaktura og avtalegiro. Neste gang du betaler ein faktura frå Flora kommune, får du tilbod om både eFaktura og Avtalegiro, og då kan du velje det du ynskjer!

Bli miljøbevisst i kvardagen!
Dersom alle går over til eFaktura eller avtalegiro kan vi spare mange tonn papir i året. Små tiltak frå kvar enkelt av oss kan gjere store utslag!