Båtar på hamna
Stabel med bøker

Lesekonkurranse

Flora folkebibliotek arrangerer i sommar lesekonkurranse for barn mellom 6 og 13 år.

 

Du må lese minst 5 bøker (minimum 200 sider) for å delta.

Lesekort for registrering får du på biblioteket. Hovudpremien er ein digikortspelar med digikort (lydbok).

Konkurransen held på i heile skuleferien fram til 13. august. Frist for levering av lesekorta er 16. august.

Laurdag 20. august blir det iskremfest og kåring av vinnaren, dvs. den som har lese mest. Det blir også trekt premiar der alle deltakarane har lik sjanse til å vinne.