hamnebasseng langt

Leverandørkonferanse: Snøbrøyting og strø-tenester

Florø kommune inviterer alle aktuelle leverandørar til leverandørkonferanse på levering av brøytetenester på kommunale vegar frå Purkehola og utover til og med Florølandet.
Ikkje øyane.  

Føremålet med leverandørkonferansen er å presentere våre behov, samt å finne ut kva alternativ som finns og kva marknaden kan tilby. Vi ynskjer innspel til korleis marknaden trur dei vil kunne dekke kommunen sine behov for brøyting og strø-tenester. 

I etterkant av leverandørkonferansen inviterast det til dialogmøte (ein til ein) for dei som måtte ynskje det. Tidspunkt for dette vert opplyst om seinare.

Leverandørkonferansen arrangerast onsdag 30. august kl 13:00 – 14:30.

Stad: Rettsalen, Flora rådhus, Strandgata 30, 6905 Florø.

Agenda:

  • Kaffi og registering
  • Innleiing / velkomen
  • Presentasjon av anskaffelsesplanar og behov
  • Spørsmål og diskusjon
  • Vegen vidare

Påmelding sendast til e-post til jetmund.rygg@flora.kommune.no innan onsdag 30. august, kl 12:00. 

Vi ber om at ein i påmeldinga opplysar om namn, firma og kontaktperson. Eventuelle spørsmål kan rettast til jetmund.rygg@flora.kommune.no eller telefon 92830066.