Skulestart Florø barneskole

Få tilkøyrd mat på fat

For mange eldre eller uføre kan tilbodet om matutkøyring vere ei sikring for å få i seg nok næring.

Brødskiver med pålegg, juce, melk og yogurtDette er eit tilbod til heimebuande brukarar om kjøp av middag, kaffimat og brødmåltid. Utkøyring skjer fem dagar i veka i Florø sentrum. Tenesta gjev også tilbod om middag ved Aldersenteret Havglytt i Florø måndag til fredag.

Tenesta leverer også frukost og middag til dagtilbodet i Florø sentrum og Eikefjord. Etter avtale med heimesjukepleien er det høve til å få sendt middagar til Omsorgtunet og andre brukarar i Eikefjord.

Vilkår
Dette er et tilbod som kan nyttast av alle trygda i Flora kommune.

For prisar kan de sjå gebyrregulativet til Flora kommune.

Saksgangen er som følgjande:

  • Søknad og hjelp til utfylling av søknad kan ein få ved å henvende seg på Informasjon og service
  • Søknad skal fyllast ut av søkjar sjølv eller hjelpeverge/pårørande og sendast til Flora kommune, Markeg.51, 6901 Florø
  • For dei som oppfyller vilkåra, kan det også bestillast mat direkte fra hovudkjøkkenet på :
    Tlf: 57756751