Båtar på hamna

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfattar dei faktorane i miljøet som til eikvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helse. Desse omfattar biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale faktorar i miljøet. 

Flora kommune har etter Folkehelselov kap. 3 ansvar for å drive tilsyn med miljøretta helsevern og fatte vedtak om retting etter ei rekke føreskrifter innan fagfeltet. Folkehelseavdelinga i rådmannen sin stab ivaretek dette arbeidet i Flora kommune. Dette er eit interkommunalt samarbeid  mellom Askvoll, Bremanger, Fjaler, Førde, Gaular, Høyanger, Jølster,Selje, Stryn og Vågsøy der Flora kommune er vertskommune. Samarbeidet skal bidra til å oppfylle kommunane sitt ansvar til innbyggjarane i høve miljøretta helsevern, smittevern og førebyggande samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse.

logo.jpg

Miljøretta helsevern har først og fremt eit førebyggande aspekt, men dersom det oppstår tilhøve som har negativ innverknad på helsa har kommunen òg høve til å pålegge verksemder tiltak for å redusere og/eller fjerne helseskadelege miljøfaktorar.
 
Aktuelle arbeidsområder:
 
  • Godkjenning av barnehagar og skular
  • Tilsyn med symjebasseng, helsestudio og badeplassar
  • Tilsyn med hudpleie.- solarie,- frisør-, piercing og tatoveringsverksemder
  • Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
  • Internkontrollsystem
  • Psykososiale forhold
  • Inneklima, radon
  • Hygiene, reinhald, vedlikehald
  • Smittevern
  • Førstehjelp
  • Støy, lys
  • Drikkevatn
  • Avfall
  • Røyking
  • Forureining til vatn, jord og luft
  • Skadedyr og insekt
  • Hald av dyr

For meir informasjon, sjå www.folkehelseavdelinga.no.