Skulestart

Ordføraren si side

ordførar Bengt Solheim-Olsen
ordførar Bengt Solheim-Olsen

Bengt Solheim-Olsen (f. 1968) vart etter valet 2011 valt som ordførar i Flora kommune. Som ordførar leiar han møta i bystyret og formannskapet, og han er kommunen sin rettslege representant.
Solheim-Olsen har vore medlem av bystyret sidan 2007, og leia i førre bystyreperiode kultur- og oppvekstutvalet. Han representerer partiet Høgre. Solheim-Olsen bur i Florø, har sambuar og to born.

- Flora kommune skal vere ein god stad å bu for alle, uavhengig av kvar du er i livet. Flora kommune spelar ei viktig rolle for å tilrettelegge for dette.
Vi skal ha skular som ser kvar enkelt elev og som skapar menneske som vil bidra til fellesskapet sitt beste.
Vi skal ha gode omsorgstenester der både yngre og eldre opplever at livet har meining.
Vi skal ha eit mangfaldig kulturliv og vi må reindyrke Florø som framtidsbyen. Og Flora som tilflyttingskommunen.

Som ordførar ønskjer eg å møte heile Florasamfunnet. Bedrifter, enkeltmenneske, lag og organisasjonar. Og som ordførar ønskjer eg også å møte dei som vil etablere seg i Flora. Dei som vil kome hit for å bidra og for å skape.
Har du spørsmål så tar du kontakt.

På desse sidene vil du òg sjå bilete frå ulike arrangement eg deltek på og du finn talar og innlegg eg har helde på vegner av kommunen.

Ynskjer du å kontakte ordføraren kan du lettast gjere dette på e-post: bengt.solheim-olsen@flora.kommune.no, eller på telefon 57 75 62 11.

Følg oss på Flickr: http://www.flickr.com/photos/politiskeflora/

Ordføraren si 17. mai tale kan du lese her