Båtar på hamna

Musikkbinge og andre øvingsrom

Søknad om øvingslokale i musikkbingen

Musikkbingen, øvingslokale  Musikkbingen er eit øvingslokale som er spesielt tilrettelagt for musikkøving, er lokalisert ved Flora Ungdomsskule.
 
Ettermiddag/kveld og i helgane er det høve til å leige øvingstider i Musikkbingen. Bingen inneheld trommesett, sanganlegg, gitar- og bassforsterkarar og keyboard. Prioritert aldersgruppe er band med medlemmer frå 18 år og oppover. 
 
Musikkbingen er eigd av Flora kommune, og blir driven i samarbeid mellom ungdomsskulen og kulturtenesta. Kultur- og kyrkjedepartementet og Flora kommune står bak investeringa, og tiltaket er også støtta økonomisk av Sparebanken Sogn og Fjordane.
 
Rommet har klare brukarreglar!
 
Spørsmål kan rettast til Inger Fuglesang på tlf. 41 53 49 42, eller epost: inger.fuglesang@flora.kommune.no. 
 
Bandrom på Haffen
 
Bandrommet på Haffen er for deg mellom 13 – 18 år.
 
Rommet er ope alle dagar/kveldar, og bandansvarleg får utlevert nøkkel til huset.  Øvingstidene blir fordelt mellom banda, og det er mulig å jobbe fleire dagar i veka dersom rommet er ledig.
 
Rommet har klare brukarreglar!
 
Banda har møte kvar andre månad. Møta er øvste besluttande organ for banda, og kvart band MÅ stille med minst ein representant på møta.  Kristian Løseth  (mobiltlf. 47905403) er coacher for banda. 
Pris pr. halvår, pr. person: kr. 450,-.

Spørsmål kan rettast til Inger Fuglesang på tlf. 41 53 49 42, eller epost: inger.fuglesang@flora.kommune.no.